For nokre år sidan gjorde Statens vegvesen ein stor innsats med å rydde skog langs riksveg 15 frå Langeset til Stryn sentrum. Dette for at vegfarande skulle få sjansen til å sjå den vakre Nordfjorden. Men no er den "grøne tunnelen" tettare enn nokon sinne.

På den fire kilometer lange strekninga frå kjettingplassen på Svarstad og inn til Grønevik er det berre nokre få hundre meter der ein ser sjøen. Det betyr at bilistar m.a. går glipp av det flotte synet av cruiseskip på veg inn- og ut fjorden.

Dagleg går slike skip inn Nordfjorden. Men det er vanskeleg å få auge på for vegfarande. Foto: Harald Vartdal