Jostedalsbreen Nasjonalparksenter opna tysdag denne veka nye utstillingar og butikk med fjellutstyr.

Fred Syversen var til stades under opninga, der skia han har verdsrekord i «cliff drop» med 107 meters fall. Verdsrekorden vart sett ved eit mistak og som eit under overlevde Syversen fallet. Skia er no utstilt i nye lokale ved nasjonalparksenteret i Oppstryn. Fred Syversen driv no Folven Camping og er profesjonell framleis i « cliff drop» og frimkøyring ski i Frankrike deler av vinteren.

I lokalet er også ein utstilling av utstyr frå breførarslekta Grønfur i Oppstryn, der Per og Jørgen Grønfur var patentførar over Jostedalsbreen, fortel nasjonalparksenteret i ei pressemelding.