Stryn brannvern kunne onsdag vise fram sin flunkande nye redningsbil.

Bilen kom frå Austlandet tidlegare denne veka. Den er finansiert av Statens Vegvesen og Stryn kommune.

- Med denne bilen kjem vi oss raskare opp til tunnelane på Strynefjellet dersom det skjer ulykker, fortel brannsjef Jarle Dragesæt. Det var nemleg ein av grunnene til at Statens Vegvesen var med på å finansiere bilen.

Redningsbilen er utstyrt med frigjeringsutstyr til bruk i bilulykker, skumanlegg og ein vasstank på 600 liter.

Den gamle redningsbilen, som vart kjøpt inn i 1988, er no gått i arv til Røde Kors.

– Det var faktisk Røde Kors som finansierte bilen den gongen, så då syntest vi at det var rett og rimeleg at dei fekk den att no, seier brannsjefen.

Den gamle redningsbilen frå 1988 skal no takast i bruk av Røde Kors.