Sjølv om det er godt over to månader att til kommunestyre- og fylkestingvalet til hausten, kan du alt no stemme.

Dersom ein ikkje har mulegheit til å førehandsstemme eller stemme på valdagen måndag 14. september, kan ein også stemme i perioden 1. juli til 7. august.

Det er berre å kome innom kommunesenteret i opningstidene, og hugs å ta med identitetskort, opplyser Karen Stølen ved kommuneadministrasjonen i Stryn. Ein treng ikkje å gjere avtale på førehand.