Det var Via Ferrata-guide Nils Jørgen Omberg som tok friarbilde etter å ha guida paret til topps tysdag denne veka.

– Det var ein veldig rørande augneblink. Ho visste ingenting, mens han hadde planlagd dette lenge, fortel Omberg.

Paret frå Austlandet ønskjer å vere anonyme, men den kommande brudgommen har ein kommentar til frieriet.

– Det var eit fint og spektakulært høve. Dessutan måtte ein jobbe litt for å kome seg opp, og det var fin belønning då vi nådde toppen, seier han til Fjordingen.

Bilde som Loen Active delte på sin facebook-side, er vist over 26 000 gongar.