Jorunn og Magne Hjelle i Lodalen har skilt med rom til leige ved hageporten. Denne  fuglen har teke tilbodet på alvor og lagt reir i ei blomsterpotte like ved inngangsdøra.

Vi er ikkje sikre på kva slags fugl der, men fagfolk meiner det må vere ein hagesanger. Det vart også stadfesta av dei vakre tonane då han vart lei av den nærgåande fotografen og sette seg på ein gjerdestolpe like ved.

Det er truleg same fuglen som har vore der også tidlegare år. Det er slik med gjestene til Jorunn og Magne. Dei kjenner seg velkomne og kjem gjerne tilbake.