Per Kjøllesdal (Sp) er valt til styremedlem i prosjektet Hoven Loen SUS, som representant for Stryn kommune. Arve Glomnes (FrP) er valt til vararepresentant. Dette vart vedteke på eit ekstraordinært møte i formannskapet i Stryn i går. Detet var einaste saka i møtet.

Bakgrunnen for dette er at kommunestyret sist månad vedtok at Stryn kommune skal delta i Hoven Loen-prosjektet med 12,5 millionar kroner i aksjekapital. Politikarane vedtok og at kommunen skal ha ein representat i styret for prosjektet.