Ein båt vart berga frå å forsvinne ned i fossen ved Osneset i Olden tidlegare i dag.

Båten hadde slite seg frå fortøyningane, og var i ferd med å gå utfor fossen ved Eide og ned i Floen. Over elva går det sikringswirer, og kalesjen på båten hekta seg fast i desse. Dermed vart båten stoppa her, og eigaren og medhjelparar klarte å dra båten opp att.

Eigaren fortel til Fjordingen at han ikkje veit korleis båten har losna frå bøyene, men er glad for at han fekk berga båten sin.