NVE melder om fare for flaum på oransje nivå i Stryn kommune- frå i dag og dei komande dagane.

Saman med kommunane i indre Sogn fekk Stryn tidlegare denne veka varsel om fare på gult nivå. No er dette heva til oransje nivå- det tredje av fire aktsemdsnivå i varslinga til NVE.

- Det har vore mykje snøsmelting og betydeleg auke i vassføinga siste døgn i vassdrag som drenerer høgfjellsområde. Det vil framleis vere varmt ver, også høgt til fjells, og det er venta ytterlegare auke i vassføringa på grunn av snøsmelting, melder NVE her

- Vi oppmodar nabokommunane og andre til òg, om å vere merksame på situasjonen. Vi gjentek NVE sine generelle råd for førebuing om å rense dreneringsvegar og stikkrenner, seier rådgjevar for beredskap hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Anne C.F. Eide.

Operasjonssentralen i Florø og NVE har dialog om utviklinga av situasjonen dei komande dagane.

Det er òg varsla fare for jord- og flaumskred på gult nivå frå søndag. Dette varselet gjeld 17 av kommunane i fylket.