Kjell Solheim har valt å takke av som koordinator for samarbeid mellom skule og næringsliv, etter to år i stillinga.

Torstein Tvinnereim er tilsett som ny koordinator skule/næringsliv i Stryn Næringshage AS. Han tiltrer stillinga for fullt frå 10. august. Han jobbar i dag som Koordinator idrett og kroppsøving ved Stryn vgs. Han har vore tilsett ved skulen sidan 1994 og i løpet av desse åra har han òg vore

rådgjevar i sju år.

- Han har gjort seg mange erfaringar gjennom ulike utfordringar i utvikling av skulen både fagleg og organisatorisk, og erfart kva samarbeid både internt og eksternt har å bety for utviklinga, seier dagleg leiar i Stryn Næringshage AS, Knut-Henning Hjellbakk, i ei pressemelding.

Stryn Næringshage skal arbeide aktivt med å legge til rette for utvikling av eksisterande og framtidig næringsliv i Stryn og Indre Nordfjord. Av fleire viktige oppgåver betyr dette mellom anna å skape gode utviklingsarenaer mellom det offentlege og privat næringsliv. Næringslivet i Stryn og Hornindal finansierar denne koordinatorstillinga for å utvikle samarbeidet mellom skule og næringsliv i kommunane.

Koordinatoren skal mellom anna legge til rette for at den samla kompetansen i skulane, opplæringskontora, bransjeorganisasjonane og samfunn og næringslivet. Han skal brukast i ein samarbeids- og læringsarena som sikrar rett utdanningsval, rett yrkesval, gode rekrutteringsprosessar og etterutdanning i tråd med våre framtidige behov.

- Torstein ser med spenning fram til å samarbeide med skulane og næringslivet i Stryn og Hornindal, og finne gode løysingar på kjende utfordringar så vel som å skape nye, spennande tiltak. Både styra i Stryn Næringshage, Stryn Næringssamskipnad og eg er glade for at Torstein takka ja til desse utfordringane og ser fram mot å ta fatt på arbeidet saman med han, seier Knut-Henning Hjellbakk.