Stryn kommune er i beredskap i samband med mykje snøsmelting og stigande vassføring.

- Vi følgjer med på situasjonen, men det er ingen store problem enno, seier brannsjef Jarle Dragesæt på beredskapsvakt-telefonen i Stryn. I 13-tida i dag er det flo. Han og blant andre ordførar Sven Flo held seg oppdatert på situasjonen. Men han strekar under at førebels er det ingen dramatikk.

Dragesæt har vore rundt om i bygda i føremiddag. I byggjefelta er det ingen problem. Ved Stryneelva på Rise og Sætre står vatnet utover bøane. Overflauming utover bøane blir det også rapportert om fleire stader i kommunen.

Fylkesmannen koordinerer beredskapen i fylket, og er i kontakt med kommunane. Operasjonssentralen i Florø og NVE har tett dialog om utviklinga av situasjonen for fylket i helga.