Ordførar Sven Flo har jamnleg kontakt med politiet og uteseksjonen i kommunen. Dei er i beredskap i samband med stor vassføring og flaumvarselet for Stryn kommune.

Så langt er det ingen dramatikk. Dei har dei lånt ut sandsekkar og pumpeanlegg til nokre campingplassar som har fått vatn inn.

- Vi har grei kontroll på situasjonen førebels. Men tidlegare erfaringar viser at vi absolutt skal følgje med, og handle raskt viss det trengst, seier ordførar Sven Flo. Dei får tilbakemeldingar frå NVE som følgjer med på vassmengda i elvar og vatn.

- Veit de om vassføringa vil stige endå meir?

- I følgje verutsiktene skal det bli litt kjølegare, og berre få grader skal til før vassføringa går tilbake. Vi har ingen indignasjon på noko rask auke i vassføringa. Det kan kanskje snu litt i løpet av neste døgn, meiner han. Regn vil auke vassføringa, men i følgje Yr.no er det ikkje meldt nedbør før måndag.