Sommaren kom til Olden med Oldedagane. Det gjekk ein jamn straum av folk gjennom sentrum heile laurdagen. Då ungdom frå bygda viste siste nytt i kle frå Skogstad og Ricco Vero vart talet på publikum tippa til vel 300.

Det var også mykje folk på utstillingane, i butikkane og på idrettsplassen ved skulen, der unge stryningar viste luftige sprang på matta.

Ein dag med fin blanding av underhaldning, handel og god prat mellom kjentfolk både frå Olden og bygdene i kring.

- Dette må vi vere nøgde med, var konklusjonen til Inge Brynestad som har vore leiar også i år, og han vonar på fullsett kyrkje til konserten i gamlekyrkja i dag..