Frå 1. juli trådde ei ny forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksvegar i kraft, skriv Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Dei viktigaste endringane i forskrifta er blant anna at fleire vegtiltak no kan gjennomførast utan søknad og løyve frå kommunen. Dette gjeld mellom anna enklare opprustingstiltak og utbetring av flaskehalser for tømmertransport på gamle vegar.

Forskrifta definerer og utvidar kva som skal reknast som landbruksverksemd i høve til gamal forskrift, og skillet mellom kva som er søknadspliktige vegar og ikkje vert også tydelegare.

Samstundes og med verknad frå 28. mai 2015 er forskrifta for tilskot til skogbrukstiltak (NMSK) endra slik at det no kan gjevast tilskot også til vegar som påverkar villmarksprega område, opplyser Fylkesmannen