Tala for juni syner ein svak auke i arbeidsløysa for fylket samanlikna med juni i fjor.

– Auken på 54 ledige fordelar seg på ulike bransjar og vi kan framleis ikkje sjå at problema i oljesektoren nasjonalt har særleg innverknad på utviklinga i vårt fylke, seier Knut Steinar Eitungjerde, assisterande direktør i NAV Sogn og Fjordane.

I Sogn og Fjordane er 1045  personar heilt utan arbeid. Dette svarar til 1,8 prosent av arbeidstyrken og er lågast i landet. Auken på 54 ledige frå juni i fjor utgjer ein vekst på 6 prosent.

På landsnivå er det 77 310 heilt ledige i juni, tilsvarande 2,8 prosent av arbeidsstyrken. Dette er ein auke på 5 prosent frå juni i fjor. Den negative utviklinga i Rogaland med auke på 55 prosent og Hordaland med auke på 20 prosent held fram.  Auken er størst innan ingeniør- og IKT- faga som er knytt til oljesektoren.

Flora har ein auke på 59 ledige, men dette er fordelt på mange ulike bransjar utan at industri utmerkar seg negativt.  I prosent er det flest ledige i Selje med 4,1, Flora har 3,7 og Vågsøy 3,2.

Stryn har 1,9 prosent og totalt 74 ledige.

I den andre enden av lista finn ein Hornindal med 0,7 prosent, og Leikanger og Aurland med 0,4 prosent.