NVE opprettheld flaumvarselet for Stryn på nest høgaste nivå måndag. Sjølv om snøsmeltinga er avtakande og veret kjølegare, er det venta mykje nedbør måndag.

- Sidan det er usikkert kvar dei største nedbørgmengdene kjem, opprettheld NVE oransje nivå for Stryn, opplyser flomvarslinga i NVE.

I følgje Yr.no er det meldt om lokale store nedbørsmengder i indre strøk av Sogn og Fjordane i dag.

Toppen for snøsmeltinga vart truleg nådd laurdag, og målestasjonen ved Mindresundebrua viser at vassføringa akkurat no er minkande.

Aktsemdsnivået på Varsom.no er justert ned frå oransje til gult niåv tysdag og onsdag.