Under temaet ”World ConneXions” har Førdefestivalen denne helga feira sambandet og slektskapen mellom musikk, dans og song frå heile verda.

- Flamenco and Kathak. Two dances. One soul, forklarte den indiske kathak- danserinna Mahua Shankar til publikum, før ho gjekk i pardans med flamencodansaren Pilar Astola.

Kyrkjekonserten Voice ConneXions synte det same for songen som Dance ConneXions gjorde for dansen. Ein kan finne saman på tvers av land og kulturar.

- Førdefestivalen er eit kulturelt diplomati, sa statssekretær Bjørgulv Borgundvaag i sin opningstale.

- For ein folkefest det har vore. Vi har vel aldri dekka festivalfrukost til så mange før. Vårt publikum er nysgjerrige og opne, dei går på konsertar med artistar dei aldri har høyrt om og når det klaffar tek det heilt av, seier festivalsjef Hilde Bjørkum.