Ein representant frå NVE er i dag på synfaring rundt om i Stryn kommune, for å få oversikta over flaumsituasjonen ved elvar og vatn. Seinare i dag blir det møte med kommunen.

– Vi har gått gjennom status basert på innspel, tilbakemeldingar og synfaringar. Med det vi har oversikta over akkurat no, føler vi at vi har god kontroll på situasjonen. Vi har ikkje fått inn meldingar om kritiske situasjonar så langt, seier ordførar Sven Flo, etter eit koordineringsmøte med folk frå brann og redning, teknisk avdeling og kriseleiinga ved ordførar og fungerande rådmann.

Vassføringa frå Strynsvatn og vidare nedover Stryneelva har gått ned på grunn av avtakande snøsmelting og lågare temperatur. – Så lenge det er stabilt med nedbør, meiner vi det er forutsigbart. Men kjem det veldig mykje nedbør, kan det fort bli fylt opp att. Vi er veldig vare på utviklinga til Stryneelva, seier han. Ein følgjer også med på korleis regnet kan påverke rasfaren.