Med politiet køyrande i front blir det stor parade gjennom Stryn sentrum laurdag 19. september.

Lensmann Lasse Trosdahl stiller seg positiv til opplegget med gateparade under Oktoberfesten i Stryn. På same måte som i fjor, ønskjer politiet å køyre i spissen for opptoget gjennom Stryn sentrum.

Oktoberfesten i Stryn vert i år arrangert 18. og 19. september - ikkje helga etter som det feilaktig stod i papiravisa fredag.  Paraden er ein viktig del av opplegget.

Politiet har hatt møte med arrangøren. Der vart det opplyst at paraden skal gjennomførast etter same mal som tidlegare.

– Politiet er positive til paraden, og har ingen innvendingar til måten dette er planlagt gjennomført. I 2014 køyrde politiet i front av paraden, og dette vil bli det same i 2015, opplyser lensmann Trosdahl. Som elles forventar tett kontakt med arrangøren når det gjeld detaljar i opplegget.