– Førebuingane går veldig bra og vi er i rute, seier Arild Bøe, som er regissør for musikalen Årringar.

No er det berre to veker til Årringar skal visast ved Sagedammen. Bøe håpar at suksessen frå i fjor vil gjenta seg.

– Forhåpentlegvis vil vi klare å gje publikum ei endå betre oppleving enn i fjor. Eg håpar at mange som såg musikalen i fjor kjem att, og at fjorårets suksess skal gje ringverknader.

Ifølgje Bøe er det skjedd nokre endringar sidan i fjor.

– Vi har jobba mykje med å utvikle skodespelet og karakterane i stykket. I tillegg har vi ny koreografi, så dansenummera er heilt forandra. Koret er blitt forstørra med om lag ti personar, så det blir sterkare og fyldigare. Himmelen skal løfte seg der ute, lovar han.