Det var mange bilar å sjå under måndagens Amcar konvoi i Stryn sentrum. Med sol og pent vêr, var stemning høg blant mange av bilentusiastane.

Øyvind Fenn, som er medlem i Amcar Stryn, seier han er nøgd med merksemda som konvoien skapte i bygda. Fjordingen møtte Fenn og andre frå Amcar-miljøet utanfor Stryn brannstasjon, kor dei stod klar med både mat og drikke. Det var planlagt eit lite pit-stop i Stryn før konvoien skulle dra vidare mot Høyanger og ein rekkje andre byar. I samband med Amcar Norway sitt 40-års jubileum, har bilorganisasjonen sett i gong ein stor turé som skal gå landet over. Turnéen som startet den 4. juli skal gå gjennom heile landet, frå Lillestrøm til Trondheim.

Fullt programmet- På programmet vidare skal konvoien dra innom mange byar før dei omsider endar i Trondheim, den 6. august, under det årlege treffet HOT AUGUST NIGHT, seier Fenn.