Politiet jobbar med vitneavhøyr og vidare etterforsking av ribbåt-ulukka i Olden. Så langt har politiet berre fått snakka med ein av dei to passasjerane som ramla i vatnet.

– Vi skal snakke med begge. Samtidig avventar vi obduksjonen av den omkomne før vi kan seie noko meir om kva som skjedde og dødsårsak. Dressen den omkomne hadde på seg er sikra og vil bli undersøkt, opplyser politibetjent Tor Egedahl.

57 år gamle Olav Helge Øren som ramla ut av ein rib-båt i Olden onsdag vart erklært omkomen dagen etter. Kamerat og arbeidsgjevar Frode Briksdal tek dødsfallet svært tungt.

– Eg er veldig lei meg. Olav var ein god ven og ein svært dyktig sjømann.  At vi skulle ende opp med ei dødsulukke er frykteleg trist, seier Frode Briksdal.

Torsdag kveld då den tunge meldinga kom frå Førde sentralsjukehus var heile gjengen rundt Briksdal Adventure samla på kaia, saman med fleire og saman med det kommunale kriseteamet.

– Fredag morgon var vi samla igjen, tidleg på morgonen, til ein god og lang felles frukost. Vi prøver å ta vare på kvarandre så godt vi kan, seier Briksdal.