Einar Fannemel (24) frå Hornnidal jobbar som journalist i Aftenposten denne sommaren. Ein spennande jobb, knytt til utdanninga som han tek ved Høgskulen i Volda. Til hausten startar Fannemel på sitt tredje og siste år innan journalistikkutdanninga.Kva er årets ferieplanar?- Det har ikkje vore mykje ferie på meg denne sommaren. Eg jobbar som journalist i Aftenposten, og skal vere der i åtte veke. Heldigvis fekk eg meg ein tur til Barcelona mellom min siste eksamen og jobbstart.  Kva kjenneteiknar ein perfekt sommar for deg?- For meg er ein perfekt sommar når det nok finevérsdagar i Honndalen til at ein kan stå på Sætrehornet i solskin og 25 varmegradar. Ein kan der få sett at alle i bygda er vorte ferdige med slåtten. Det er ikkje kvar sommar at bøndene har overskot av opphaldsvêr.

Kva et du helst på denne tida av året? - Det må vel bli nokon saftige spareribs med BBQ-sauce og coleslaw. Kvar tek du med deg sommargjestane som kjem til Nordfjord? - Eg tek dei først med på ein tur på Honndalsrokken, deretter ein tur i Hjortedøla og Dønnefossen, for så å vise dei verdas vakraste elv for å kunne kjøle dei kraftige ned.

Kva er ditt beste sommarminne frå barndomen?- Mitt beste sommarminne frå barndomen er nok frå då eg ikkje hadde andre bekymringar enn om det var nok turrhøy på låven til at ein kunne hoppe frå sperreverket utan å bryte beina.