For Simen Lillevik (21) frå Innvik, er ein sommar med mykje sol, bading og vannsport utan tvil tingen.

Kva er årets ferieplanar?- For meg vart årets ferieplanar ein tur til Kreta saman med kjærasten og familien hennar. Eg skal elles slappe av og få jobba ein del. Kva kjenneteiknar ein perfekt sommar for deg?- Ein perfekt sommar for meg er ein med mykje sol, bading og vannsport.

Kva et du helst på denne tida av året? - Grillmat og is slår aldri feil når det er sommar. Kvar tek du med deg sommargjestane som kjem til Nordfjord? - Briksdalen! Der er det utruleg fint om sommaren.

Kva er ditt beste sommarminne frå barndomen?- Det må nok vere når vi frå Innvik samlast for å bade heile dagen, for deretter å reise opp på fotballbana, der vi spelte i mange timar.