Dersom du har ein Saab, er du truleg meir glad i bilen din enn andre bileigarar, smiler Olav R. Faleide i Loen.

- Det er iallefall dei 160 Saab-eigarane med familiar som har meldt sin ankomst til Loen i morgon,  tysdag. Dei har køyrt saman frå fleire norske byar, dei fleste med Bergen som startstad søndag.

Turen går vidare via Skjolden med 330 personar frå 15 ulike nasjonar som samlast til IntSaab 2015, ei internasjonal samling for alle Saab-klubbane i Europa, seier Faleide.

Vertskapet i år er Gammalsaabens Venner, eller Norwegian Classic Saab Club, og dei har planlagt eit tredagars program med samkomer, utflukter i Nordfjord og ein høgtideleg festmiddag. Det er bygdehuset som er arena for aktivitetane.

- Alle med interesse for bil generelt og Saab spesielt, er hjarteleg velkomne til parkeringsplassen der alle deltakande bilar vil stå tysdag kveld. Ein 1957-modell 93 A er den eldste deltakaren på "Fjords and Mountains Tour 2015",  og elles er nesten alle årgangar å finne fram til 2010, seier Faleide.

Det er 18 år sidan Gammalsaabens Venner sist var vertskap for dette arrangementet, og då arrangerte dei "Northern Lights Challenge 1997 som var ein biltur frå Oslo til Nordkapp med over hundre deltakarar.

Etter ankomsten i morgon, vert det paradekøyring rundt  i Loen. Etterpå vert det grilling ved bygdehset. Der vert  det også høve til å slå av ein prat med til dømes russarar og sveitsarar som har køyrt lengst for å kome til treffet.