Spelefilmen Bølgen har premiere denne helga, og blir vist på Stryn kino i kveld.  Filmen er basert på scenariet om at Åkneset i Møre og Romsdal kan rase ut, og rasere Geiranger og bygdene som ligg rundt fjorden. NVE har ansvaret for å overvåke dette fjellet.

- Vi lever i eit land med mykje natur og mulege farar knytta til dette. Det er bra med merksemd rundt dei utfordringane dette gjev oss. Men samstundes er det viktig å få fram at dette er ein spelefilm, og ikkje verkelegheit, uttaler direktør i NVE, Per Sanderud, i ei pressemelding.

- Scenariet i filmen er reelt, men det er ikkje realistisk at dette kan skje utan av NVE har varsla i så god tid, at innbyggjarane er evakuert, seier vassdrags- og energidirektøren. Åkneset er veldig godt overvaka, og folk kan vere trygge på at dei vil bli varsla i god tid, dersom fjellet rasar.