I løpet av dei siste vekene har 50 fleire ungdomar i fylket fått læreplass.

Per 6. august stod om lag 140 kvalifiserte ungdomar utan læreplass i fylket. No er det i underkant av 90 som framleis ikkje har fått seg læreplass.

- Dette er veldig positivt. Formidlinga har gått mykje betre enn tidlegare år. Men vi skulle sjølvsagt ha hatt læreplass for alle ungdomane, seier Tor-Einar Holvik Skinlo, assisterande fylkesdirektør for opplæring, ved Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Fylkeskommunen arbeider for at alle som har læreplass som første ønske, skal få det, sjølv om fleire har fått skuleplass.

- Etter 1. september skal alle ha fått tilbod i skule, seier Skinlo til Fjordingen. Fylkeskommunen vurderer å setje i gang vg3 i skular i Sogn og Fjordane, og i samarbeid med andre fylkeskommunar. Eit slikt tilbod vil først bli starta opp i september/oktober, opplyser fylkeskommunen.

Faga det er flest lærlingar som står att no er: industrimekaniker, eletrikar, bilfaga, matros, brønnteknikk og røyrleggar.

- Viss det er bedrifter og kommunar som har høve til å ta ein ekstra lærling vil dette bety særs mykje fir den ungdomen som kan få fullført utdanninga slik han eller ho ønsker. Det vil og vere viktig for rekrutteringa til mange bransjar med aukande behov for fagarbeidarar i framtida, oppfordrar Skinlo.