Berre 4-5 timars gonge nordvestover frå Hamsevika på Strynefjellet ligg Danskehytta.

Dette er ei sjølvbetjent hytte som er eigd av Ålesund-Sunnmøre Turistforening. Her er det 26 sengeplassar, og stor hems med plass til like mange. At ei hytte i Tafjordfjella har dette spesielle namnet har si forklaring i at danske medlemmar av DNT gav ei pengegåve til DNT sitt 125- årsjubileum i 1993. Dette resulterte i denne nybygde hytta midt på 90-talet.

Ruta går på merka sti frå Hamsevika. Den er omlag ni kilometer lang, og har ei stigning på berre 500 høgdemeter. Ein kan også gå frå Grotli. Då vert turen litt lenger. Landskapet er spesielt med lite vegetasjon og mykje stein og avrunda fjell.

- Det er ikkje nødvendig å reise heilt til Jotunheimen for å få hyttefølelsen. Ekstra godt er det også å finne sjokoldepudding og vaniljesaus på proviantlageret, skriv ein aktiv turgåar til Fjordingen, som ønskjer at fleire skal vite om denne turen til Danskehytta.

Danskehytta er ei sjølvbetjent hytte eigd av Ålesund-Sunnmøre Turistforening. Foto: Privat