Anders Bruvoll er tilsett som ny rektor ved Stryn vidaregåande skule. Han fekk tilbod om stillinga for nokre dagar sidan og stadfesta i dag at han tek i mot jobben.

- Eg startar i jobben 1. oktober og ser fram til å overta som øvste leiar ved skulen. Eg er i dag del av leiarteamet ved Stryn vgs, i form av avdelingsleiar for studiespesialiserande og opplæringsleiar. Sånn sett veit eg mykje om kva eg går til. Likevel vert dette ei ny rolle eg ser fram til å ta fatt på, seier Bruvoll.

- Kva vert den viktigaste jobben for deg som rektor?

- Det er å skape elevresultat. Vi må ha stort trøkk og kvalitet på undervisninga. Målet er å skape så gode elevresultat som mogleg, for å gje ungdomen godt grunnlag for vidare utdanningsløp og for å bidra til å få gode arbeidstakarar tilbake til lokalsamfunnet, seier Bruvoll.