Regjeringa opnar opp for at dei yngste borna skal kunne sykle til skulen. Det må følgast opp av trygge skulevegar og ei meir systematisk trafikkopplæring i skulen, meiner Trygg Trafikk.

Kortid bør foreldre la borna sykle ålene til skulen? Spørsmålet er blitt aktuelt etter at regjeringa endra Forskrift til opplæringslova sist veke. Det har ført til ei rekkje mediesaker der hovudbodskapen frå regjeringa er at «skulen skal ikkje kunne nekte born å sykle, så lenge foreldra meiner det er trygt».

– Trygg Trafikk er positive til at flest muleg born skal kunne gå og sykle til skulen. Vi er likevel kritiske til endringa som gir foreldra ansvaret for born si sykling til skulen, seier opplæringssjef Kristin Eli Strømme i Trygg Trafikk.

Strømme meiner dette står i kontrast til ansvaret skulane framleis har for tryggleiken for borna på skulevegen.

– Viss dei yngste skal sykle, må skolevegen vere sikker og tilrettelagt for det, fastslår ho i ei pressemelding.

Blant tips til foreldre er å vurdere skulevegen, og sykle mykje saman med borna før dei syklar åleine. Barn bør vere mellom 10 og 12 år før dei syklar åleine i komplisert trafikk, meiner Trygg Trafikk.