Ekteparet Johanna og Gunnar Nygjerd er tildelt Kongens Fortenestemedalje for sin mangåringe innsats for medmenneske og samfunn. Det var ordførar Sven Flo som stod for tildelinga, og dette skjedde heime hos ekteparet i Olden fredag kveld.

- Dette var heilt uventa, ja reint uverkeleg, seier Johanna Nygjerd til Fjordingen. Både ho og Gunnar tek ikkje fram dei store orda om innsatsen:

- Vi er begge oppvaksne på småbruk der det var viktig å støtte kvarande. Vi er og ønskjer å vere enkle menneske. Får vi helsa til det, vil vi framleis bidra, både i Olden og i Stryn kommune, seier Johanna, og ektemannen nikkar samtykkande.

Når ho fortel om kva Gunnar har vore med på, prøver han å dempe det ned. Store ord tek dei ikkje i munnen nokon av dei. Derimot har ein anonym forslagsstillar ført i pennen kva dei to har utretta, både i yrkeslivet og i samfunnsgagnleg innsats. Det siste er frivilleg uløna innsats som har sett sine spor og som er eksempel til etterfølgelse for andre, slik forslagsstillaren formulerer det.

Den siste tida har Gunnar vore plaga med sjukdom. Han seier at han er i god betring, og dei håpar om ikkje lenge å kunne reise til Oslo for å møte Kongen, slik dei som mottek fortenestemedaljen vert invitert til.

Gunnar og Johanna Nygjerd har hatt ei rekkje verv opp gjennom åra. Dette innanfor kristent arbeid, politikk, kunst, kultur og organisasjonsarbeid elles.

Johanna, som har yrkesbakgrunn som formingslærar, har eit svar på kvar ho har henta energien frå når ho har teke på seg stadig nye verv:

- Eg har hatt ein mann som heile tida har støtta meg, og når eg vart vald til noko tenkte eg at "dette måtte vere det gjevaste av alt", smiler ho. Noko av det  ho set aller høgast er engasjementet for Olden-utstillinga i snart 30 år.

I 28 år var ho knytta til forskjellig politisk arbeid. Ho sat 12 år som varaordførar i Stryn, og ein periode var ho i fylkestinget. Kunst og kultur har betydd mykje for dei begge. Det ber også heimen deira preg av, og ikkje minst hagen med skulpturane som er kåra til norges finaste.

Utanom alle dei politiske verva, har Johanna hatt mange leiarverv, i Stryn Kunstlag, i målarklubben Gleda, i styret for Olden Helsetun, i aksjonkomiteen for vegen Olden-Innvik, i Frivillegsentralen, Olden bygdekvinnelag, Olden indremisjon, Stryn og Hornindal Pensjonist lag. Dette berre for å nemne noko. Ho har vore i fleire styre for kyrkjeleg/kristent arbeid. Å bringe kunsten inn i gudshusa, har Johanna ivra sterkt for.

Gunnar Nygjerd starta på si journalistiske bane i 1960, i Jærbladet på Bryne. I seks år var han journalist i Dagen i Bergen før han kom heim som redaktør i Firda Tidend. Frå 1974-2000 var Gunnar journalist i BT sitt lokalkontor i Stryn. I åtte år hadde han redaksjonsansvar for Kyrkjeklokka, eit blad som vart omtalt som eitt av Norge sine beste kyrkjelydsblad.

Nygjerd har gjeve ut fleirebøker/hefte, og han har vore formann i Oldestafetten og i Olden skulemusikk. Han har vore i styret for Nordfjord Ungdomskorps, i styret for Olden Normisjon, leiar i Olden sokneråd og leiar for TV-aksjonen i Stryn komune. Per dags dato er Johanna leiar i pensjonistlaget og Gunnar er leiar i Olden eldrelag.

Det som er ramsa opp, blir berre nokre av mange eksempel på kva ekteparet har vore med på. Ordførar Sven Flo er djupt imponert over kva ekteparet har utretta, og han har lenge hatt tildelinga i tankane. Meininga var å tildele Kongens Fortenestemedalje med nål og diplom i Honndalshallen i samband med Vidar Lønn Arnesen sitt besøk. No vart besøket kansellert, og ordføraren føretok tildelinga i heimen i Olden til deira store overrasking.