NRK Sogn og Fjordane i samarbeid med Fjordingen inviterer til valdebatt på Stryn vidaregåande skule tysdag ettermiddag. Debatten vert direktesendt frå kl. 15.00 med ungdomskandidatane til seks parti i panelet.

- Frp sin ungdomskandidat har takka nei, opplyser SIlje Guddal som vert programleiar for sendinga. Ho får med seg Fjordingen sin redaktør Bengt Flaten på sendinga som går i kantina på skulen.

- Debatten er sjølvsagt open for alle elevar og tilsette ved skulen. Samtidig håpar vi folk utanfrå vil kome for å høyre på, seier Guddal. Ho tek sikte på tre hovudtema i den timelange sendinga: Skulestruktur, lærlingesituasjonen og fritt skuleval også utanfor fylkesgrensene.

- Flott å få sett fokus på den vidaregåande skulen med ein debatt der partia sine ungdomskandidatar må svare for seg. Dei er nærast å kjenne på kvardagen som skuleelevar. Samtidig er dei unge som må ta ansvar for skulen ikkje berre som utdanningsinstitusjon, men som ein viktig del av lokalsamfunn i utvikling, seier redaktør Bengt Flaten. Han ser fram til debatten og håpar på god politisk temperatur.

Desse politikarane stiller i panelet:

KrF: Tore Storehaug. Ap: Torbjørn Vereide. Sp: AleksanderØren Heen. V: Daniel Gangeskar. H: Lise May Sæle, SV: YrlaKlein.