Strynepolitiet kom tilbake med gode tal etter trafikkontrollar på Grodås og i Innvik tysdag morgon. På Grodås vart det gjennomført promillekontroll frå kl. 05.30 til 06.00. 30 personar vart kontrollerte, og alle bles grønt.

Ved Innvik skule vart 80 kontrollerte. Ein person fekk forenkla førelegg for manglande bruk av bilbelte.