Det var svært mange unge og talentfulle korspmusikarar i indre Nordfjord på 1980-talet. Fleire av dei har vist igjen i musikklivet i vaksen alder, som dirigentar, musikarar, komponistar og administratorar.

Mange av dei var også sentrale då Nordfjord Ungdomskorps vart skipa i 1981. Korpset var vidgjete for sitt høge nivå, noko som mellom anna vart vist gjennom konsertar for fulle hus i Loensal 1 på Hotel Alexandra i Loen.

Nordfjord Ungdomskorps, NUK, vart starta i 1986 og hadde mange medlemmar frå indre Nordfjord. Her frå ein av dei store konsertane som gjekk for fullsett Loensal på Hotel Alexandra. I midten Bjørn Morten Kjærnes, dirigent for korpset i 15 år. Foto: Harald Vartdal

I Fjordingen frå 19. juni 1987 kan ein lese om den store avslutningsfesten for Stryn Skulekorps det året.

Avslutninga vart markert med fest på Hotel Fagre Stryn (no Stryn Hotel), der det må ha vore fullsett sal: 180 frammøtte i tillegg til eit korps på over 50 medlemmar og eit nesten like stort aspirantkorps. Oppå det heile stilte drillen med to tropper.

Sentrale skikkelsar i norsk musikkliv. Arve Henriksen t.h., i dag prisløna jazzmusikar og komponist, var i 1987 dirigent for skulekorpset, før han reiste til Trondheim til musikkstudium på konservatoriet der. Nils Are Karstad Lysø t.v. dirigerte det store aspirantkorpset, før han reiste til studium i Oslo. Han er i dag dirketør for Den Norske Opera og Ballett. Foto: Faksimile frå Fjordingen juni 1987

Og det var ikkje småtteri som stod på repertoaret.

- Korpset spela ein ny låt av dirigenten, Arve Henriksen. Den var verkeleg verd å høyre på. Henriksen var sjølv solist på trompet, skriv Martin Lilleheim.

At det var populært å spele i korps, viste også den høge gjennomsnittsalderen. Stryn Skulekorps valde å dele ut sin eigen statuett til dei som held fram i korpset til fylte 18 år og gjerne etter dette også. Denne kvelden vart dei første utgåvene av Musikkstatuetten delte ut.

I reportasjen i Fjordingen kan ein lese fylgjande om denne statuetten:

Formannen i Stryn Skulekorps, Jon Kjørstad, sa at det er mange som held fram i korpset både til dei er 18 år og eldre.

- Vi har lenge prøvd å finne ei slags påskjøning til desse. Ei takk for verdfull innsats. Men det har ikkje vore lett å finne noko som høvde. Ein fekk då ideen om å få til ein spesiell statuett, og det var Harry Høvik som først forma han ut. Seinare har og Rolf Taraldset i Hornindal vore inne i bildet, og Musikkstatuetten frå Stryn har verkeleg vorte noko å gle seg over. Gjennom Stryn Skulekorps er det sendt tilbod til korps over heile landet, og dei første bestillingane er alt komne, fortalde Kjørstad.

Litt av ein gjeng som fekk statuettar for lang og tru teneste i korpset i 1987: Arve Henriksen, Hilde Rusten, Anette Rogne, LIv Mari Nesje, Astrid Lødøen, Randi Beinnes , Rita Kirkeeide, Kari Ann Hagen, Vidar Karlsbakk, Inger Sunde, Line Bø, Grunde Peder Kyrkjeeide, Knut Arild Løvdal, Oddbjørn Lunde, David Gald, Bente Kjørstad, Sigbjørn Kirkeeide, Nils Are Karstad Lysø og Ann Kristin Dårflot. Foto: Faksimile frå Fjordingen juni 1987

Men som seg hør og bør var det i Stryn dei aller første statuettane vart utdelte, og dei gjekk til dirigentane Arve Henriksen og Nils Are Karstad Lysø. Men også heile 17 andre fekk statuetten denne kvelden for lang og tru teneste i skulekorpset.