Denne veka har det vore kampanje mot mobbing i grunnskulen i regi av Utdanningsdepartementet, og Tonning skule arrangerte onsdag Venskapsdag, lagt inn i kampanjeveka der dei eldste elevane følgde dei eldste frå post til post. Det siste etter initiativ frå Elevrådet ved skulen.

Det var ein samansveisa gjeng med i alt ca. 270 elevar frå 3.-7. klasse som deltok i ulike leikar på vennskapsdagen. Elevane var fordelte på 10 postar. Også næring måtte til. Den eine gruppa stod saman om steiking og servering av sveler med sjølvlaga syltety. Over 800 sveler vart steikt. Det smakte utruleg godt i dei små pausene som oppstod i roteringa mellom postane.

Undervisningsinspektør Sissel Aabrekk seier til Fjordingen at elevane heile veka har jobba med mykje godt materiale omkring mobbing som dei har fått frå Direktoratet. Dei har også fått tilgang av ressursar frå Norsk Filminstitutt.