19 år gamle Katka Servosova frå Tsjekkia var glad og letta då ho onsdag ettermiddag vart redda ned frå fjellet i seekinghelikopteret i Oldedalen. Letta var også dei to venninnne.

Dei tre er på sykkelferie i Norge, og natt til onsdag overnatta jentene i Flatsteinbu under ein fjelltur. På veg ned til Oldedalen, mista Katka kontakta med dei to veninnene sine, delvis på grunn av dårleg fottøy. Ho sakka akterut og fann ikkje att råsa.

Etter ei tid snudde venninnene for å leite etter ho, men lukkast ikkje. Dei gjekk deretter til bygda for å varsle. I mellomtida hadde jenta sjølv fått kontakt med politiet. Ho venta omlag ein time i fjellet før helikopteret kom fram. Etter sirkling i lufta og gjennom kontakt med politiet, vart jenta funne. Ho var i grei form og hadde ingen skader. Etter å ha kome ned til Oldedalen igjen uttrykte ho stor takksemd overfor hjelpeapparatet der også Røde Kors var ein part. Dette utan at dei tok seg vidare til fjells.

Jenta får støtte ut av helikopteret. (Foto: Bengt Flaten)