Miljøvernleiar Odd Rønningen i Stryn meiner at ei faddeordning i hjortevalda kan føre til meir engasjement for hjortejakta. Han fryktar at hjortestammen no veks seg for stor med dei konsekvensane det har både for dyrekvalitet og konsekvensane med påkøyrslar og beiteskader.

- Eg trur ei faddeordning i valda hadde vore vel og bra. Dersom dei unge ikkje blir involvert i jakta før dei reiser vekk på skule og utdanning, er det mindre sjanse for at dei vert jegarar når dei kjem tilbake. Eg vil elles oppmode valda der det er tettast med dyr om å sleppe jegarar frå andre vald til, og at jakttida fram til 23. desember vert ut nytta så godt som muleg , seier Rønningen.

Vårteljinga i teljeområdet i Stryn viste 1.300 dyr mot 1.250 i fjor.

- Avskytinga  i Stryn har vore på 700-800 dyr i lang tid. Det burde ideelt sett vore teke ein jafs på 1.000 dyr i kommunen, seier Rønningen.