Ein mannleg jeger står fast på ei fjellhylle i Erdalen i Stryn. Operasjonsleiar Wenke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt opplyser til Fjordingen at fjellredningsgruppa til Eid Røde Kors er på veg for å hjelpe mannen ned.

- Mannen var del av eit jaktlag, men det er berre han som står skårfast. Vi vurderer situasjonen som udramatisk, og reknar med at fjellredningsgruppa vil kunne hjelpe han ned att. Vi har kontakt med mannen, opplyser Hope.

Fjordingen møtte i 18-tida politiet sin vaktpatrulje frå Måløy som hadde god kontakt med redningsgruppa på fem. Det tok litt tid for dei å lokalisere kvar i Erdalen redningsgruppa var i sving, men dei konstaterte at redningrgruppa hadde ein god plan

- Mannen er ikkje skadd, og han har både jaktradio og mobiltelefon.  Det er god temperatur, 15-16 grader. Det er krevande lende, men dette ser ut til å gå bra, seier innsatsleiar Roger Gundersen som rosa det nye nødnettet.

- Vi har hatt radiokontakt heilt frå Måløy, og vi sit også med I paden i bilen og er pålogga heile tida. Vi har vaktdekning heile døgnet i Nordfjord, også bakvakt, sa Gundersen før han igjen tok kikkerten for å sjå opp mot Nytunjølet.

Jegeren hadde gått seg skårfast i Nytunjølet. (Foto: Ove Sveen)