Nedrebergtunet på Bergsida som hovudarrangør,  aktar også i år å arrangere Kulturminnedag. Dette i samarbeid med Stryn Husflidslag, Nedstryn bygdekvinnelag, Stryn historielag, Bergsida grendalag, Stryn kommune og enkelte eldsjeler neste søndag.

Det vert gjestebod med tradisjonell gjestebodsmat servert på langborda som tidlegare vart brukte når det varbryllaup på Nedreberg.

Inviterte lag og organisasjonar fårpresentere seg og slik få vise kor viktige kulturberarar dei er.  Her blir noko for ganen, tradisjonsmat,noko for sjela, kurlturinnslag, noko for smilebandet, ein godkjømeister og noko for hjernen, demonstrasjon av handverksteknikkarmed høve til aktivitet. Allereide på laurdagen startar brødbakinga opp og med steiking i steinomnen.

- Vi vil presentere frå husflidslaget siraudliste og slå eit slag for kulturvernet, seier Torild M. Nedreberg på vegne av fleire.

Jon Tvinnereim, Edvard Faleide og Inge Fænn skal kåsere omnabolag og nabogrender. Matias Lunde skal vere kjøkemeister. I Sogn og Fjordane er det kunStryn og Naustdal som markerer Kulturminnedagen.