Innan helse- og omsorgsektoren i Stryn kommune er det 360 tilsette som utfører 220 årsverk. Det betyr at mange arbeider deltid.

- Vil ditt parti gå inn for at alle deltidstilsette som ønskjer det, skal få full stillilng? spurde Arne Spilde (Fagforbundet).

Hans Petter Galtung (SV): - Vi vil gje full stilling til alle som ønskjer det. Men det kan også vere at deltid passar betre for enkelte.

Per Kjøllesdal (Sp): - Målsetjinga er full jobb til alle som ønskjer det , men det er uråd å love skal skje frå "i morgon".

Aud Løvlid (H): - Stryn kommune er i gang med eit prosjekt som ser på dette og moglegheitene for større fleksibiliett.

Klemet Bø (KrF): - Er det ikkje slik at deltid er nødvendig for å få vaktkabalen til å gå i hop?

Anders Magne Vik (Frp): -Eg vil gjerne at vi tilbyr 100 prosent stillilng. Men då  kan ikkje tilsette vere så steile på turnusen.

Astrd Hoffart (V): - Sjølv om alle ønskjer fulltid, vil det alltid vere behov for deltid.

Hans Magnus Nedreberg (MDG): -Her må vi sjå kva som er til beste for både tilsette og brukarar. MDG vil ha fleire hender i eldreomsorga.

Jan Træen (Ap): - Vår målsetjing er at ingen skal måtte arbeide deltid viss dei ønskjer full stilling.

Klemet Bø (KrF): - Eg har vore i kontakt med vaksenopplæringa i Stryn.  Der er mange som ønskjer arbeid. Deltidsjobbar vil gje dei ein god inngangsbillett til arbeidsmarknaden.