I helga arrangerer Markane IL Bendit Rulleskiskytterfestival på Ullsheim, og det er venta  eit stort tal løparar frå Hardbagg, Hornindal, Stårheim,Volda, Synnylven, Valldal og Vik.

Rennet er for alle klasser, frånybyrjar og oppover. Nokre av området sine fremste utøvarar, representert ved Jarle Midthjell Gjørven og Johan Eirik Meland blir også å sjå.

- Vioppfordrar folk til å kome og sjå og oppleve skiskytingpå nært hald. Her blir det topp underhaldning for små og store,mykje idrettsglede og flotte prestasjonar, seier Monica Halsteinslid hos arrangøren. Ho fortel om stor interesse for sporten.

- Skiskyting er spenneande«live» -og ikkje berre på TV. Vi i Markane har hatt ein vekst italet på aktive dei siste åra, ikkje så rart med dei førebileta vi hari klubben! Vi har også hatt ein delførespurnader etter at forbundet sin smøretrailer var i Stryn medSpenning i sikte tidligare i sommar, fortel Halsteinslid.