Politiet i Stryn etterlyser vitne som har sett ein mann i 50-åra som vart funnen med alvorlege skader i Setrevegen i Stryn natt til søndag.

- Mannen er om lag 1,90 meter høg og var ikledd oktoberfest-kostyme. Han vart funnen av forbipasserande då han gjekk vaklande på fortauet langt nede i Setrevegen. Mannen var då skadd i andlet og arm. Dei som fann han varsla politi og ambulanse og tok fint vare på han til naudetatane kom på plass. Alt tyda på at skadene kom frå eit uhell, og vi har ingen haldepunkt for å seie noko anna. Men vi kan heller ikkje utelukke vald. Skadene viste seg å vere så omfattande at mannen etter å ha blitt køyrd i ambulanse til Førde vart sendt vidare til Haukeland. Der er har han gjennomgått operasjonar denne veka. Det ser ut til å gå bra med han, men politiet ønskjer tips frå folk i håp om å kunne finne ut kva som har skjedd. Sjølv hugsar ikkje mannen noko av det som skjedder, opplyser politibetjent Vidar Stavik.

Han legg til at siste sikre observasjon av mannen før han vart funnen i Setrevegen kl. 03.40 var kl. 02.45 utanfor porten til Oktoberfesten i Stryn sentrum.