Innvik får kunstgrasbane

Audun Skogen i ferd med å feste armeringa i forskalingsboksen. Foto: Ove Sveen
Arbeidet er i gong med ny kunstgrasbane på skuleplassen i Innvik. Planen er at bana skal ligge klar til skulestart i haust.
Ove Sveen
Publisert: 30.06.2010 kl. 16:00
Endret: 30.06.2010 kl. 16:03

Planen er at bana skal ligge klar til skulestart i haust.

- Vi har halde på med maskinarbeid, nedlegging av drensrør, forskaling av sokkel for gjerde og støyping i ei veke, kunne eldsjela over alle eldsjeler, Audun Skogen fortelje då vi besøkte skuleplassen sist måndag.

- Dette gler vi oss skikkeleg til, sa rektor Per Inge Seime og tok eit solid tak rundt mannen som har gått inn i prosjektet med dugnadsinnsats til godt 300.000 kroner og som i tillegg vil forskottere opparbeiding av den 110 meter lange vegen over skuleplassen.

Dei to legg ikkje skjul på at den nye kunstgrasbana vil bety ei heilt ny oppleving for dei rundt 75 elevane på skulen og for borna i barnehagen. Forhåpentlegvis vil kunstgrasbana skape ny stor sportsleg aktivitet i Innvik.

Les meir i papirutgåva