Eksklusive trebriller frå Stryn

Lars Sunde og Sigve Bø med gullbarane kolleksjonen "woodies" vert pakka i.
Foto: Birgit Mikalsen Nedreberg
Lars Sunde og Sigve Bø med gullbarane kolleksjonen "woodies" vert pakka i. Foto: Birgit Mikalsen Nedreberg

Denne veka vart solbrillemerket Boe&Sunde ein realitet då to solbrillemodellar vart lagt ut for sal.

Birgit Mikalsen Nedreberg
Publisert: 09.07.2010 kl. 13:15
Endret: 09.07.2010 kl. 13:15

For om lag eit år sidan fekk stryningen Lars Sunde (20) ein idé om å lage solbriller av tre. No har Sunde og kameraten Sigve Bø (18) lansert den første kolleksjonen.

Unike

Idèen til solbrillene fekk Sunde ein sommar han trilla ved hos onkelen sin.

- Det var mykje sol og eg hadde gløymt solbrillene mine, og onkelen min hadde ekstremt mykje ved. Eg tenkte at vi heller kunne lage solbriller enn å setje fyr på all veden, ler Sunde.

Vidare tok han kontakt med Sigve Bø. Dei to brukte mange timar på å spikke briller i buda til Sunde.

- Vi måtte sjå om tanken gjekk an å gjennomføre, og ved å spikke brillene sjølve fekk vi bekrefta at materialet var sterkt nok, og at det faktisk var gjennomførbart, seier Bø.

Med etableringsstipend frå Innovasjon Norge var gutane klare til å gå i gong med sjølve produksjonen, men startfasar er som regel ikkje problemfri.

- Vi hadde som mål å lansere kolleksjonen til påske, men på grunn av komplikasjonar med den tidlegare produsenten, vart vi tvungne til å skifte fabrikk, seier Sunde.

No vert brillene laga i ein fabrikk som også har produsert solbriller for Mercedes Benz.

- For oss som er nye i bransjen, er det ei sikkerheit å vite at fabrikken har produsert varer for så store aktørar, då dei stiller store krav til fabrikken. Kvart enkelt par vert laga for hand, og alle brillene er unike, seier Bø.

Etisk standard

Bø og Sunde er opptekne av ein miljøvennleg og etisk standard.

- Vi tek avstand frå svartelista tre, og vi legg vekt på at tresorten ikkje er frå eit pressa naturområde, seier Bø.

Håpet er å lage solbriller i tre som kjem frå ulike område i Norge.

- Vi har lyst til å bruke tre frå kjende naturområde i Norge. Til dømes Geiranger og Stryn, og kalle opp brillene etter områda. Geiranger har allereie sagt ja, smiler Sunde.

I framtida vil dei også flytte grovproduksjoen tilbake til Hornindal.

Les meir i papirutgåva

På forsiden nå

Fylkesmannen frårår bustadbygging på Øvre Visnes

Fylkesmannen vender tommelen ned for planene om nye bustader på Øvre Visnes. Les mer

E39- kampen har starta

E39 langs dagens linje over Eid og Stigedalen, og ei ny linje gjennom indre med tunnel gjennom Utvikfjellet, fjordkryssing og Kviven. Dette er dei to hovudalternativa som skal arbeidast vidare med etter møtet i Loen torsdag. Les mer

a1 klare for Strynemessa

10. oktober står boybandet a1 på scena i Strynehallen. Bandet med Christian Ingebrigtsen og britane Ben Adams og Mark Read blir det store trekkplasteret til Strynemessa i år. Les mer

Fruktbart opplegg med ball og bok

I Hornindal går kommunen og fotballgruppa saman om ei fotballfritidsordning der elevar frå femte, sjette og sjuande klasse kan vere med. Les mer

To unge stryningar mista lappen

To stryningar i 20-åra mista førarkortet etter råkøyring onsdag kveld. Les mer