Flytta heim på hjul

Den gamle arbeidarbustaden på veg gjennom Innvik sentrum. Foto: Ove Sveen
Onsdag kveld vart den gamle arbeidarbustaden i Innvik flytta på hjul frå skuleområdet til baksida av den gamle ullvarefabrikken.
Ove Sveen
Publisert: 17.07.2010 kl. 15:08
Endret: 17.07.2010 kl. 15:10

Mange fylgde storhendinga då det omlag 60 kvadratmeter store og 8-10 meter høge huset rulla på hengaren til Mobilkran A/S frå skuleområdet og ned på hovudvegen. Svalene hadde truleg bygt reir i bustaden og krinsa rundt huset.

Nøye planlegging måtte til både i forkant og undervegs då bygningen vart flytta dit han eigentleg høyrer heime. Arbeidarbustaden der det hovudsakleg budde spinnersker og veversker heilt fram på 1970-talet, er eit hus uløyseleg knytta til industri-eventyret om gamle Innvik Ullvarefabrikk.

Med ei husbreidde på 5,6 meter, lengde på 10 meter og totalvekt på 23 tonn, vart det utvist stor presisjon før sjåføren endeleg kunne gje seg i veg over skuleplassen, der det no skal bli kunstgrasbane og ned mot hovudvegen.

Les meir i papirutgåva