Oppstryn ut av TV-skuggen

Jorun Erdal er overtydd om at betre TV-forhold og tilgang på internett vil gjere det meir attraktivt å etablere seg i Oppstryn. (Foto: Harald Vartdal)

Framføring av fiberkabel vil gje folk i Oppstryn betre fjernsynsdekning og raskare tilgang på internett.

Harald Vartdal
Publisert: 21.07.2010 kl. 10:18
Endret: 21.07.2010 kl. 10:18

Leiaren i Oppstryn bygdeutviklingslag ser saka som særs viktig med tanke på busetnad og utvikling av næringslivet.

- I dag ligg store deler av bygda i satellittskuggen. Fiber vil gje alle tilgang på ei rekkje TV-kanalar og breiband, fastslår Jorun Erdal.

Fiberprosjektet i Oppstryn har fått tilsegn om 1,6 millionar kroner i offentlege midlar. Kor mykje den enkelte abonnent må betale for å kople seg til, er ikkje klart.

Til fleire som blir med, til billegare blir det, seier leiar av fiberkomitéen, Alf Terje Glomnes.

Les meir i papiravisa

På forsiden nå

Opnar to år gamal veg i Utvik

Den 90 meter lange fylkesvegparsellen i Utvik sentrum som stod ferdig asfaltert i august 2008, er omsider klar for gjennomkøyring. Les mer

E39 Kvivsvegen står fast

Kvivsvegen som del av E39 mellom Ålesund og Skei står fast. Les mer

Ein bilførar mista lappen

Ein person mista førarkortet då UP hadde kontroll i Stryn tysdag. Les mer

Store artistnamn til Stryn

Konsert med Lill Lindfors og Ketil Bjørnstad er først ut i ein lang og innhaldsrik kulturhaust i Stryn. 18. september står dei kjende artistane på scena i kulturhuset. Les mer

Må betale tilbake

Stryn kommune må betale tilbake pengar i 12 saker der dei feilaktig har kravd oppgjer for sjukeheimsbebuarar på avlasting. Les mer