Sur oppleving for mjølkekartong

Huseigar Britt H. Sunde Trondsen vakna opp til hærverk i Stryn sentrum natt til torsdag. Den digre mjølkekartongen vart sendt i bakken, og området pynta med flagg og skilt. Foto: Tommy Nilsen

Den store metall-mjølkekartongen utanfor Fryd-butikken vart utsett for hærverk natt til torsdag.

Tommy Nilsen
Publisert: 22.07.2010 kl. 10:37
Endret: 22.07.2010 kl. 10:40

Natt til torsdag vakna Britt H. Sunde Trondsen av eit kraftig smell. Den store metallutgåva av ein mjølkekartong utanfor Fryd-butikken i Stryn sentrum hadde gått i bakken.

- Eg søv godt, men det var eit forferdeleg smell. Så eg titta ut, og då låg han velta, fortel Britt H. Sunde Trondsen.

Britt H. Sunde Trondsen ferierer i det gamle huset i Perhusvegen, og er også ein av eigarane. Ho trur kartong-velten dreier seg om rein hærverk, og at nokon har hatt det litt moro om natta.

Kartongen låg framleis nede torsdag morgon. Dei venta på at nokon sterke skulle klare å reise metall-mjølkekartongen opp igjen.

Les meir i papirutgåva.