Rådmann Per Kristian Storevik frårår at formannskapet løyver midlar til selskapet Nordfjordkryssing AS.
Endret: 23.07.2010 kl. 15:14
-Det er viktig at alle alternativ for fjordkryssing vert utgreidd best mogleg med sikte på å finne fram til dei rette og mest framtidsretta løysingane. Det kan difor tykkjest tvilsamt at Stryn kommune preferer arbeidet knytt til eitt alternativ framfor andre alternative vegtrasear/fjordkryssinga som også vil bli vurdert i samband med KVU-arbeidet. Det er først og fremst vegvesenet si oppgåve å finne fram til den mest tenlege traseen for E39 i framtida. Vegvesenet må gjere sine vurderingar ut frå kva som tener samfunnet best - og i den samanhengen må fleire moglege løysingar utgreiast, skriv rådmannen i saksutgreiinga.
