Betinga dom for promillekøyring

Ein stryning i 50-åra vart teken bak bilrattet med 2,71 i promille, men slapp unna med betinga fengselsstraff.
Bengt Flaten
Publisert: 26.07.2010 kl. 14:32
Endret: 26.07.2010 kl. 14:32

Mannen hadde konsumert betydelege mengder alkohol før han sette seg bak rattet og køyrde bil på ettermiddagen 24. februar i år. Køyringa skjedde i tettbygd strøk på ein tid av døgnet det gjerne er trafikk. Under køyreturen kom han over i feil køyrebane, og køyringa var vinglete. I følgje retten kan det difor vere tilfeldig at køyringa ikkje førte til trafikkuhell. Retten er klar på at køyringa medførte ein betydeleg trafikkrisiko.

Mannen har innrømt køyring i alkoholpåverka tilstand og han har innrømt å ha eit alkoholproblem. Difor har han sagt seg samd i å gjennomføre promilleprogram. På vilkår av at dette vert vert gjennomført det neste året slepp mannen unna med 36 dagar fengsel på vilkår, der prøvetida er sett til to år. Han må betale 17.500 kroner i bot og må klare seg utan førarkort i to og eit halvt år.

På forsiden nå

Opnar to år gamal veg i Utvik

Den 90 meter lange fylkesvegparsellen i Utvik sentrum som stod ferdig asfaltert i august 2008, er omsider klar for gjennomkøyring. Les mer

E39 Kvivsvegen står fast

Kvivsvegen som del av E39 mellom Ålesund og Skei står fast. Les mer

Ein bilførar mista lappen

Ein person mista førarkortet då UP hadde kontroll i Stryn tysdag. Les mer

Store artistnamn til Stryn

Konsert med Lill Lindfors og Ketil Bjørnstad er først ut i ein lang og innhaldsrik kulturhaust i Stryn. 18. september står dei kjende artistane på scena i kulturhuset. Les mer

Må betale tilbake

Stryn kommune må betale tilbake pengar i 12 saker der dei feilaktig har kravd oppgjer for sjukeheimsbebuarar på avlasting. Les mer