Endret: 25.08.2010 kl. 08:02
Medan trenden på landsbasis er at tal promillekøyrarar går ned, har trenden i Sogn og Fjordane vore den motsette. I 2008 vart det i fylket registrert 147 saker der føraren av eit motorkøyretøy køyrde i ruspåverka tilstand. I 2009 var talet 169.
Av politiet sin strategiske analyserapport går det fram at 16 prosent av alle promillekøyrarar i fylket i 2008 var av utanlandsk opphav. Til samanlikning var andelen utlendingar i Sogn og Fjordane 6,5 prosent, rett nok pr. 1. januar 2010. I Stryn og Hornindal var andelen 10,3 prosent mot eit landsgjennomsnitt på 11,4.
Lensmannen i Stryn og Hornindal, Inger Lill Lanes, ønskjer ikkje å stigmatisere, og ho poengterer at forholdet kan endre seg når ein ser heile 2010 under eitt. Likevel er det eit faktum at politiet i Stryn og Hornindal til no i år har teke førarkortet frå 15 personar etter mistanke om promille. Av desse 15 er seks personar av utanlandsk opphav. Det gir ein andel på 40 prosent.
- Andelen førarkortbeslag blant utlendingar som bur her var større enn eg hadde rekna med. I strategiplanen for politiet sin trafikkteneste 2008-2011 heiter det at eitt av måla vi skal oppnå innan 2016 er at andelen kontrollerte førarar sikta for køyring i ruspåverka tilstand skal ned med 25 prosent. Skal vi få til det, må vi gjere meir enn berre å kontrollere. Då er informasjon og førebygging viktig, seier Lanes.
- Kva vil du gjere?
- Eitt godt tiltak vil vere å besøkje arbeidsplassar med stort innslag av utanlandsk arbeidskraft, for å informere om norsk lovverk, seier Lanes.
Les meir i papirutgåva
